VestlandsHus Voss - Årets forhandlar

30.05.2016
Alle forhandlarane i husbyggekjeden VestlandsHus, var samla til landsmøte i Surnadalen helga den 20.-22.mai 2016. Helga var mellom anna fyld med kursing for dei ansatte, og fokus på at dei vart betre kjend gjennom sosialt samvær. Og gjevast av alt denne helga, årets forhandlar i VestlandsHus vart kåra.

Kåringa av årets forhandlar er viktig for alle dei 47 forhandlarane til VestlandsHus, men dei som stakk av med fyrsteplassen i år, var forhandlarane frå VestlandsHus Voss. VestlandsHus Voss er ein forhandlar med 10 ansatte, som har vore med i VestlandsHus-kjeda sidan 2008.

– Mange kundar kjøper hus for fyrste gong, og dei skal vere trygge på kva dei får. Vi har ein ambisjon om å bli Noregs best likte husbyggar, og syte for at våre kundar får skikkeleg kvalitet og god oppfølging. VestlandsHus Voss har i mange år bygt flotte bustadar og hatt spesielt fokus på å gje sine kundar ei god oppleving gjennom byggeprosessen. Det var difor eit lett val å kåre selskapet til årets forhandlar, seier dagleg leiar Dagfinn Helsem i VestlandsHus.

Andre kriterium som vart lagd til grunn for kåringa, var mellom anna lokal profilering, kor gode dei var på å nytte innkjøpsordningane i kjeda, god deltaking på kurs og sjølvsagt antall solgte hus.

- Det vi er spesielt gode på, er å bruke sosiale media som portal ut mot kundegruppa vår, seier eigar og dagleg leiar i VestlandsHus Voss, Magne Hagenson.

Suksessoppskrifta deira er å vere fysisk til stades og ta bilete i byggeprosessane, og vidare vere aktive mot å nå ut til kundar gjennom bruk av sosiale media.

- Det hjelp også på, å ha ei dyktig dame på kontoret, seier Magne Hagenson vidare.

Hagenson seier dei vart positivt overraska over at det var nettopp dei som vann denne kåringa, men meiner og at VestlandsHus Voss er eit godt team og det gir god motivasjon når dei vinn ein slik pris.